Med ørten prosjekt på pinnane blir ingenting ferdig. Ganske irriterande, men eg er heilt ute av stand til å gjere ferdig noko før eg begynner på eit nytt strikketøy. Akkurat no har eg ei lita Fanakofte som berre manglar ei arm, ein halv Fiona, minst tre halve sokkepar, eit sjal eller to, skjerf, vottar osv.
I dag strikkar eg på ei
babyhue (Why??? Har jo ingen baby, og kjenner ingen som skal ha heller...), og eg kan vedde på at den ikkje blir ferdig heller.

Alle skryt sånn av sokkegarnet Arwetta, så eg tenkte at eg også måtte prøve det. Klarte ikkje å bestemme meg for farge, og visste ikkje kva eg skulle bruke det til, så eg bestilte liksågodt eitt nøste av alle fargane. Så no har eg ein stor tøypose med masse fint garn som passar til alle desse småprosjekta mine.