30. april 2008

Det var jaggu på tide

Så var dei endelig ferdige. Desse sokkane sat det virkelig langt inne å gjere ferdig. Eg har aldri opplevd makan til kjedeleg strikketøy. Dei var påbegynt i juli i fjor, og eg trudde ærleg talt ikkje at dei kom til å bli ferdige. Eg var til og med innom Husfliden og spurte kva det kosta for ferdigstrikka strømper (1000,-), men kom fram til at det er for gale viss eg ikkje klarer å strikke dei sjølv, eg som stort sett brukar kvart einaste ledige minutt til å strikke. Aprilutfordringa i Sokker 2008 var å strikke sokkar med fletter, og er ikkje dette sokkar med fletter, så veit ikkje eg. 30 fletter på kvar strømpe, for å vere nøyaktig.
Eg har "juksa litt", som det heiter, i forhold til oppskrifta. Eigentleg skal hælen strikkast på ein sånn måte at det er lett å lage ein ny viss han blir utsliten. Det er sikkert genialt, men sånt har ikkje eg tid til, så eg gjorde som eg brukar når eg lagar hæl. Det er vel ikkje overhengande fare for at strømpene blir utslitne med det første. Og når den tida kjem at det trengs nye strømper, satsar eg på at eg har gløymt kor forferdelig pyton eg syntest det var å lage dei. Litt som med ein fødsel, altså. Skal legge inn bilde av strømpene med leggar inni seinare, men akkurat no ligg modellen og søv.

9 kommentarer:

PerJorun sa...

Om dei var kjedelig er så, men flotte er de :-)

Hedvig sa...

Virkelig et imponerende stykke arbeid! Jeg er imponert over tålmodigheten din, og resultatet ble flott! Ønsker deg ei flott helg!

sisselS sa...

Det var noen nydelige sokker. God helg til deg.

Merete sa...

Hvis ikke Fredrik er imponert nå, så må du banke ham.
Flotte strømper, jeg har null tålmodighet med sånt. Når man endelig er ferdig med den ene, så er det jommen en sokk til!

jogusi sa...

Kjempeflotte sokker. Imponerende med så mange fletter. Strikk de på rundpinne og begge samtidig neste gang. Da blir begge sokkene ferdig samtidig og du slipper å måle for å få sokken like lange. Det gjøre jeg. Ha ei fin pinse.

Anne-Ruth sa...

Nyyyyyyyydelige!

wims sa...

lekre sokker:-)

Jorun sa...

De er kjempefine. Klart det kan være litt ensformin. Jeg har erfaring (les ufoer )Niko

Birgitte sa...

Eg bøyer meg i støvet av beundring. Eg hadde nok betalt eit laken for slike, ja. Men eg stoppa faktisk hælane på eit tilsvarande par på 16. mai, berre så det er sagt.