Der var Circle socks endelig ferdige! Dei sit som eit skudd på føtene mine, men litt av grunnen til at eg meldte meg på sokker 2008, var å lage julegåver, så eg har vore streng med meg sjølv og lagt dei i gaveeska mi.
Og så ei lita hjertehue frå Elizabeth Zimmermann, som eg synes er nokså søt. Den kledde ballongbabyen min nokså godt, men eg har ikkje prøvd den på ein levande enda, så eg veit ikkje heilt om passformen er god.Og forresten...(dette tør eg nesten ikkje å seie høgt i tilfelle eg ikkje innfrir): Apriloppgåva i sokker 2008 er ei fri oppgåve, men det må vere fletter i sokkane. Eg har jo liggande nokre uferdige flettesokkar, jfr. eit innlegg lenger ned. Målet mitt for april er å lage ferdig bunadstrømpene til Fredrik. Dei skal jo brukast i mai, så no må eg til pers.

2 kommentarer:
Flotte sokker! Jeg elsker fargene i Regia Kaffe Fasett. Fortsatt god søndag.
Kjempefine sokker du har strikket. Liker fargene. Ha ei fin uke.
Legg inn en kommentar