torsdag 17. mars 2011

Bildebevis

Det er komplett umulig for meg å ta fine bilde av tinga eg lagar. Det heng saman med at det også er komplett umulig å finne ei ryddig bakgrunn å ta bildet mot heime hos meg. Så sånn er det. Men her er likevel bevis for at eg strikkar jamnt og trutt. Her er babys uldne undertrøye, Latte baby sweater og Nine-to-five socks (Ravelry-link).

Undertrøya er av højlandsull kjøpt på Garnudsalg.dk. Det tok forskrekkelig lang tid frå eg bestilte det til det kom i posten, men vi skriv det på kontoen for nyoppstarta bedrift.
Genseren, som manglar knappar og ein runde med damp, er av Drops ett-eller-anna, og sokkane er gode gamle Sisu.

I helga er det Obligatorisk Kurs Uten Lønn (sånt finn du berre i kirka), og eg skal protestere ved å drive alle til vanvidd med strikkepinneklirring.

2 kommentarer:

ByBente sa...

håper du lyktes med planen din ;-)

Torunn sa...

Mykje flott!