tirsdag 5. april 2011

311 m.o.h.


Særleg at det hjelp å halde seg fast i veggen...

311 meter over havet er 310 meter for mykje for meg. Eg blir svimmel av å stå på ei gardintrapp. For nokre år sidan tok eg tog i seks timar for å vere med og male hytta i Rødven utandørs. Eg klatra opp på stillaset, fekk panikk, og måtte krype inn soveromsvinduet. Der blei eg. Det var ikkje mykje hjelp å få frå meg den helga. Så fuglane veit kva som fekk meg til å tru at det skulle vere ein enkel sak å entre toppen av Eiffeltårnet i buldrande torden. Dette er ei bragd eg garanterer at eg ikkje kjem til å gjenta!

For dei som vurderer å prøve det same, vil eg berre opplyse om at dette er eit gammalt, gammalt tårn, som var meint å vere eit midlertidig bygg til verdsutstillinga i attenfjørti. Bjelkane er strengt tatt ganske tynne, og vaieren som dreg heisa er tynnare enn ein gjennomsnittlig banan. Dette veit eg fordi eg fekk god tid til å studere dei mens eg sto og grudde meg til heis nummer to, som skulle ta oss frå første nivå (som var MEIR enn høgt nok for meg) og opp til den tynne, tynne spissen. Javel, så er det mange tusen menneske oppe i tårnet kvart år, men så langt eg kan skjøne er det berre flaks at det ikkje har ramla saman. Og må dei ha heiser med vindu? Er det for å skremme folk som meg maksimalt? Eg kneip igjen augene stort sett heile turen, og i ventetida på første nivå såg eg berre på min eigen mage og ikkje utsikta, men midtveis i heis nummer to gjorde eg kjempebommerten og såg ut. Det var då panikken greip meg BIG TIME. Folk titta litt rart på meg der tårene spruta, men skitt au.

No er det gjort, og eg er verdens tøffaste (sjølv med raudsprengte auge). Empire State er ikkje neste.

7 kommentarer:

duBedåre sa...

Men et fantastisk bilde, DET ble det i alle fall av høydeturen! Du ser ikke særlig høy i hatten ut, og virkelig, det skjønner jeg godt. Jeg liker meg også best nærmest bakken, men denne Eifel var en tøff mann! Godt du har kommet deg ned i en bit. Jeg for min del gruer meg til å måtte opp i epletreet i helga og beskjære litt...

Torunn sa...

Synes du er kjempetøff eg! Men eg skjønar at du ikkje kjem til å gjere det igjen når du har såpass høgdeskrekk.

Tora sa...

Gratulerer, med de forutsetningene må jo dette kunne ses på som en bragd! ;-)

Mari sa...

Minner litt om et bilde jeg har av deg i pariserhjulet i Liseberg...

Turid sa...

Å steike, har du bildebevis av det?

Mari sa...

Jepp, men av den gammeldagse papirvaianten (limt inn i album med artig undertekst...)

g u r o sa...

Hihi - du skriv på ein så herleg måte! Nesten så eg gruar meg til eg skal gjennom samme prøva i mai, og eg har ikkje høgdeskrekk... ;)

Veldig koseleg at du la att helsing på bloggen min! Veit jo aldri kven det er som smugles...og er jo kjempenysgjerrig på det! Og så vart eg jo sjølvsagt veldig glad av å lese at du likte den og at den er til å bli glad av! :) Hentar MYKJE inspirasjon hos andre bloggarar, og vil jo gjerne gi noko tilbake!

Skjønn jente du har, forresten! :)
No skal eg legge meg, for sjølv om mine barn også er utruleg skjønne (sjølvsagt!!), så er ikkje minstemann særleg god på det med å sove... Åh, så eg gler meg til det blir mulig å få fleire timar samanhengande søvn i løpet av ei natt! ;)

Kjem til å kikke innom igjen, Turid! Ha det godt!