Ein vinterdag for ti år sidan var ei eldre dame på veg til Tøyenbadet. I vegkanten såg ho ein vott nokon hadde mista, og ville henge den på ei brøytestikke så den kunne bli funnen. Då ho nærma seg votten, begynte den å pipe svakt. Det var slettes ingen vott, men ein liten, forkommen katt. Katten fekk bli med på Tøyenbadet, og fekk varmen i kroppen igjen mens den gamle dama tok badet sitt. Seinare leverte ho pusen til Dyrebeskyttelsen, så dei kunne ta vare på henne.
Skjebnen ville det slik at Synnøve ringte Dyrebeskyttelsen den dagen. Ho hadde lese om alle kattane som frys i hjel om vinteren, og ville hjelpe. Slik kom den lille votten heim til henne, så den hadde ein plass å dø. Katten var ihjelsvolten, og det første måltidet ho fikk servert var sushi. Dermed blei det namnet hennar. Sushi døde aldri, men kom seg sakte til hektene. Men kulda hadde gjort sitt, så etter kvart datt tuppane på øyrene av, og Sushi blei sittande igjen med små, runde og fine katteøyre. Omtrent på samme tid oppdaga Synnøve at det var noko gale med halen. Den ytterste delen var tynn og pjusken, og eit besøk hos dyrlegen avgjorde at den måtte amputerast. No var Sushi blitt Sushi Svanseløs.
Etter nokre månader som innepus på Frogner, kom Sushi til meg og naut livet som gardspus i Bærum. Der budde ho i to år, fanga mus, flørta med nabokatten Charlie og levde herrens glade dagar. Då eg skulle flytte, kunne eg ikkje ha katt lenger, og Sushi flytta til Hønefoss. Etter ei tid der, vart ho skilsmissekatt, og flytta til ei tante i Volda. Så vart denne tanta allergisk, og igjen måtte Sushi flytte. No har ho budd hos ein familie i Molde i nokre år, men der har det også dukka opp allergi, og dei kan ikkje ha henne lenger.
Sushi er no omtrent 11 år, og verdens mest tillitsfulle katt. Ho er roleg og litt sjenert, og ein EKSTREMT VAKKER KATT. Med dei butte ørene og den korte halen ser ho ut som ein liten isbjørn. Ho har opplevd mykje vondt og mange omskiftingar, og ein skulle tru at det ville gjort henne aggressiv og mannevond. Men dengang ei. Ho har det samme rolege lynnet som ho alltid har hatt, og vil skli rett inn i ein ny heim.
Det Sushi treng no er ein plass der ho kan leve pensjoniståra sine, og få kos og omsorg. Ikkje minst må vi få plukka av henne romsdalsdialekta.
Vil du forbarme deg over Sushi? Eller kjenner du nokon?
1 kommentarer:
Nydeleg katt!! Og så bra at de fann den og tok vare på den.
Legg inn en kommentar