
Så lenge eg kan hugse, har eg hatt ein tendens til å utsetje alt som kan utsetjast. Rydde, vaske, skifte olje på bilen, klesvask, gå ut med papirsøpla, pante flasker, skrive julekort, bestille forsikring... Alt som ikkje må skje i dag, blir heller ikkje gjort i dag. Eg veit at mange har det slik, men trur eg er ein ekstrem variant. Eg er så van med å gjere ting på denne måten at det ligg i ryggmargen. No nettopp var eg for eksempel i vaskekjellaren og henta ein klesvask. Det mest naturlege for meg er å sette frå meg kleskorga i gangen i staden for å legge kleda rett på plass. Korga kan gjerne bli ståande der i dagar og veker. Treng eg dei reine kleda, tek eg dei rett frå korga. Det same gjeld kofferten etter ein ferie. Den blir ikkje tømt før eg a) har brukt opp alle kleda som låg i den, eller b) skal på ei ny reise.
No er eg lei av å alltid ha dette etterslepet av ting eg skulle ha gjort. Når eg har det rotete og ustrukturert rundt meg, blir det slik innvendig også. Eg har eit heilt klart mål om å bli organisert, og det begynner i dag. Derfor ligg dei nyvaska kleda i klesskapet, og eg skal straks og med ein gong lage ei oversikt over alt eg må gjere fram til jul, og når eg skal gjere det.
Det er slutt på prokrastinering, og frå og med i dag skal eg leve etter desse reglane:

4 kommentarer:
Topp liste! Det skal jeg også...
Håper jeg ikke er "expired".
Aldri!
Smarte levereglar, men ikkje så lette å følge! :)
Legg inn en kommentar