onsdag 25. januar 2012

Nestenkrise



No er det på tide å rydde pulten, for eg har leita etter yndlingskoppen min i fem minutt uten å finne han. Eg syns han har ei veldig passande tekst for jobben min, mykje jobb og lite peng. Men mykje moro også. I helga møtte eg dei nye konfirmantane for første gong, og det lovar bra. Verker som ein kreativ og musikalsk gjeng, så vi kan finne på mykje kjekt, håper eg.

Sjølv om eg syns eg fortener litt meir enn løn i himmelen, er det ikkje mange frynsegoder i denne jobben. Men nokre er det – arbeidsgivaren min har spandert på meg coach for ein periode. Veldig nyttig å sjå litt innover på seg sjølv og bli bevisst på korleis eg kan gjere mest mulig ut av det eg har. Eg pratar med Kristin Aase ein gong i veka, og merker allereie at eg har utbytte av det. Ho jobbar mykje med enneagrammet, som kort fortalt går ut på at det fins ni forskjellige persontypar, som kvar
har både sterke og svake sider. Når ein har funne ut kva type ein er, kan ein jobbe med å bli bevisst på kva ein vil framheve, og kva ein ikkje vil skal dominere. Høyrer du humbug-alarmen? Eg var skeptisk først, men det er utruleg treffsikkert!



Ei av oppgåvene er å ta litt tid kvar dag og notere konkrete utfordringar og målsetjingar. Fine notatbøker kan ein aldri få nok av, og eg er veldig fornøgd med mi. Oppå boka ligg den nye dilla; Wool Eaters. Vi er vel lei av dei evinnelege oldemorsrutene no? Oppskrifta er å finne hos Sarah London.

0 kommentarer: