
Det beste med jobben min er å stå framfor ei forsamling med ungdom og fortelle. Snakke om viktige ting. Finne dei verkemidla som passar akkurat der og då. Overraske. Flette inn små vittigheiter (det er ikkje eit ord). Merke at dei høyrer på meg. Det er det beste.
Men tida før eg står der, er intet mindre enn PAIN! Idéane bruker lang, lang tid på å dukke opp, og mange blir forkasta undervegs. Når den gode idéen endelig slår ned i hovudet, tek eg han ut. Eg formulerer, pussar, omformulerer, stryk unødvendige poeng, polerer ... og slik held eg på til eg er fornøgd. Det kan ta si tid, men fordelen med å bruke lang tid, er at stoffet blir prenta inn i hukommelsen så eg ikkje blir så bunden av notatane.
Kvar einaste gong trur eg at eg ikkje kjem i mål, og kvar gong gjer eg det likevel.
No er eg inne i ein slik prosess. I helga skal eg ha to kveldsavslutninger, ei preike og to geniale treminuttersgreier (i mangel av betre ord). Det er som å gå i sirup. Men slik jobber eg, og på merkeleg vis funkar det også.
1 kommentarer:
Det er nok flere som har det sånn, og godt å se det på trykk, mange vil tenke at de bruker for lang tid, men jeg tenker som deg at det blir bedre jo mer man har tenkt gjennom ting:)
Legg inn en kommentar